Jernbanedirektoratet Jernbanen i Norge Utdanning og kompetanse

Utdanning og kompetanse

Det er fleire moglegheiter for utdanning og kompetanseheving i jernbanesektoren.

Konnekt – nasjonalt senter for samferdselskompetanse

Konnekt skal bidra til at samferdselssektoren jobbar meir strategisk med kompetanseutvikling på nasjonalt nivå, og er eit samarbeid mellom Statens vegvesen og Jernbanedirektoratet.

Konnekt skal også synliggjere attraktive karrieremoglegheiter i samferdselssektoren og bidra til auka rekruttering og livslang læring. På nettsidene til Konnekt finn du oversikt over høgare utdanning innan samferdsel og etter- og vidareutdanningstilbod, samt forslag til studentoppgåver.

AtlanterhavsveienSverre Hjørnevik

Konnekt: nasjonalt senter for samferdsels-kompetanse

Norsk fagskole for lokomotivførere

Norsk fagskole for lokomotivførere, eller Lokførerskolen, utdannar lokomotivførarar i samsvar med kompetansebehovet til sektoren. Fagskulen tilbyr ei attraktiv yrkesframtid for studentane, og ei unik yrkesretta utdanning med gode moglegheiter for trygg jobb. Utdanninga gir 60 studiepoeng, og strekker seg over eitt år.

Lokfører Helene AamFoto: Øystein Grue

Norsk fagskole for lokomotivførere

Fagutdanning

Du kan ta utdanning som fagarbeidar i jernbanesektoren. Utdanninga er yrkesfagleg med 2 år i skule og 2–2,5 års læretid i ei bedrift. I læretida er lærlingane midlertidig tilsett i bedriftene. Teoriundervisninga for fleire fag blir gjennomført som kurs kjøpt av Norsk jernbaneskule. Praksisundervisning og dagleg oppfølging skjer ute i bedriftene.

BaneNOR og entreprenørene i jernbanesektoren samarbeidar om rekruttering og utdanning av lærlingar gjennom Opplæringskontoret for jernbanesektoren. Opplæringskontoret administrerer opplæring innan mellom anna faga banemontør, signalmontør og energimontør. Mantena AS rekrutterer lærlingar innan maskin- og togelektrikerfaga.

Jernbanefagleg opplæring

Bane NOR Jernbaneskolen skal sikre eit opplæringstilbod som gir nødvendig kompetanse for tilsette som jobbar med utbygging, drift og vedlikehald av jernbanen.

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding!

Vi leser alle henvendelser, men kan dessverre ikke svare deg.