Forsiden Alle artikler Infrastruktur Persontrafikk Ny organisering Gods Teknologi Om Jernbanemagasinet Abonnement og arkiv Personvern
Jernbanemagasinets nyhetsbrev

Få våre nyheter på e-post.

Meld meg på nyhetsbrev

Hva leter du etter?

Infrastruktur

Banebrytande tunnel klar for trafikk

KRAN: Under sporbygginga frå nytt sporkryss i Arnanipa tunnel blei det brukt Kirow skinnegåande kran i regi av svenske Vossloh.


Når den nye tunnelen gjennom Ulriken i Bergen no vert teken i bruk, er det samstundes ein stor milepæl for dobbeltsporprosjektet Bergen – Arna. No skal den gamle tunnelen rehabiliterast og dobbeltsporet på plass ut til Fløen før heile strekninga har dobbeltspor og langt betre kapasitet.


Det som gjer den no fullførte nye tunnelen gjennom Ulriken banebrytande er fleire tilhøve. Tunnelen er den første her i landet som er fullprofilbora, den neste blir Bilxtunnelen på Follobanen. Nye Ulriken tunnel er òg den første strekninga i Noreg som tek i bruk fastspor, det vil seie at sjølve skjenegangen er støypt fast i betongunderlaget, og ikkje ligg i pukkballast.

Også her er Ulrikstunnelen først og Follobanen vert den neste. Strekninga gjennom Ulriken er faktisk òg den første der det er bygd ein ny parallell tunnel ved sida av den gamle for å få dobbeltspor på ei banestrekning. Årsaka er at den gamle tunnelen i jernbanesamanheng ikkje er så veldig gammal, den første tunnelen gjennom Ulriken opna i 1964. Med den nye tunnelen ved sida av den gamle blir kapasiteten meir enn fordobla inn og ut av den nest største byen i landet.

Fakta

Nytt dobbeltspor Bergen - Arna

  • Ny Arna stasjon med fire spor til plattform og universell utforming
  • Ny enkeltspora tunnel bygd ved sida av den gamle, tunnellengde 7,8 km
  • Ny tunnel er den første med fullprofilboring og fastspor, den neste blir Blixtunnelen på Follobanen
  • Rehabilitering av den gamle tunnelen frå 1964
  • Dobbeltspor Bergen – Fløen med nytt sikringsanlegg på Bergen stasjon og kapasitetsutviding på Nygårdstangen godsterminal

Krevjande omlegging. Som vanleg er når det blir bygd nye spor tett inntil eksisterande bane må omlegginger og innkoblinger skje i fleire faser. No på seinhausten i 2020 er all trafikk flytta over frå gammal til ny tunnel, samstundes som halvparten av den nye stasjonen i Arna er teken i bruk. Torbjørn Søderholm er prosjektsjef for dobbeltsporutbygginga Bergen Arna:

– Ja dette går føre seg i fleire faser og vi har hatt ein omfattande jobb med å planleggja alle detaljane, seier Søderholm. No er 7,8 kilometer ny tunnel på plass. Sju av desse kilometerane er bora med fullprofilboring og har fått fastspor. Dei første 800 meterane inn frå Arna-sida er ein dobbeltspora tunnel i tradisjonell forstand, og her har vi vanleg ballastspor. Sjølve jobben med å kopla inn den nye tunnelen tek om lag fire veker. 11.november vart strekninga stengd for trafikk og vi gjekk i gang for fullt med å flytta spor og sporvekslar med tilhøyrande kontaktleidningsanlegg. 11. november var dermed òg siste gong Arna stasjon var betent med trafikkstyrar. Etter opninga 13.desember er stasjonen fjernstyrt.

BETRING: Strekninga Bergen-Arna er svært tett trafikkert. Dagens enkeltspor har for dårleg kapasitet, og byggjing av dobbeltspor legg til rette for langt fleire tog. Dobbeltsporet vil også leggje til rette for økt fart og meir fleksibel ruteplanlegging. Prosjektsjef Torbjørn Søderholm (t.v.) og prosjektleder tunnel, Torstein Standal, Bane NOR.

Fleire utfordringar. Ei veke etter at sporet vart brote i Arna var nytt spor på plass og kopla inn slik at Bane NOR kunne starta med det som er det mest krevjande i denne fasa, nemleg utprøving og verifisering av signalanlegget. Den nye strekninga inkluderer ny Arna stasjon og er utstyrt med Thales elektronisk sikringsanlegg. I kvar ende av den nye strekninga er det grensesnitt mot eldre anlegg. Signalanlegga må kontinuerleg kommunisere med kvarandre.

– Vi har fått veldig god hjelp og støtte frå andre prosjekt der signalfolka våre har hausta kunnskap og innhenta erfaringar, seier Torbjørn Søderholm. Dette har vore til veldig stor hjelp og støtte for oss og heilt sikkert viktig for å kunne lukkast. Bergensbanen er mellom dei første som skal få ERTMS-anlegg og strekninga er difor samstundes førebudd for dette, mellom anna ved at ho har fått Siemens drivmaskinar.

FASTSPOR: Nye Ulrikstunnelen er den første fullprofilbora jernbanetunnelen i Noreg. Tunnelen er òg den første strekninga som tek i bruk fastspor, det vil seie at sjølve skjenegangen er støypt fast i betongunderlaget, og ikkje ligg i pukk-ballast. (På biletet står prosjektsjef Torbjørn Søderholm.)

Ei anna stor utfordring for prosjektet denne hausten har vore den pågåande korona-pandemien.

– Vi har mykje utanlandsk arbeidskraft inne i prosjektet, ikkje minst på signalsida, fortel Torbjørn Søderholm. Då smitten auka i haust, måtte vi kaste oss rundt og sikre at folka kom seg i karantene tidsnok til at dei var klare til innsats i den avsette anleggsperioden. Det ser ut til at vi klarte det, men det kom absolutt ikkje av seg sjølv, legg han til.

– Heile strekninga er planlagd opna for dobbeltspor i 2024/25, kva skjer no?

– No er vi allereie i full gong med å rehabilitere den gamle tunnelen frå 1964, fortel prosjektleiar for tunnelarbeida, Torstein Standal. Den gamle tunnelen er mykje trongare enn den nye og hovudoppgåva er å få han i så god stand som mogleg utan at vi praksis må byggje han på nytt. Arbeida vil i hovudsak bestå i å trygge tunnelen betre mot vanninntrenging, vi vil fjerne og erstatte PE-skum, rehabilitere bergsikring, og utvide profilet for tekniske installasjonar i delar av tunnelen. Desse arbeida tok til allereie 21. november og skal gå føre seg fram til hovudentreprisa startar opp i februar 2021, seier Standal.

OPNING: Frå 13.desember går toga gjennom Ulriken i den nye tunnelen, samstundes som halvparten av den nye stasjonen i Arna er teken i bruk.

Neste milepæl i 2022. – I desember 2022 kjem den neste store milepælen i prosjektet, held Torbjørn Søderholm fram. Då skal første del av dobbeltsporet inn i tunnelen koplast inn, det vil seie om lag 1200 meter frå Arnasida, samstundes som heile nye Arna stasjon blir opna og teken i bruk. I tillegg til rehabilitering av den gamle tunnelen skal det òg gjennomførast større arbeider i Fløen der tunnelen munnar ut i dagen på vestsida.

Der skal det byggjast både ny jernbanebru for sporet frå den gamle tunnelen og ny tunnelportal. Når så det kommande dobbeltsporet frå Bergen stasjon, saman med arbeida på Nygårdstangen godsterminal er ferdige, kan heile strekninga opnast. Dette er planlagt til 2024/25. Prislappen på dobbeltsporet Arna- Fløen er 4,6 milliardar kroner, og rehabiliteringa av den gamle tunnelen har ei ramme på 350 – 500 millionar.

Målet er klart: Lokaltog i kvartersfrekvens og god kapasitet for regiontog, fjerntog og godstog. Det tyder ein ny kvardag på den til no overbelasta strekninga.