Jernbanedirektoratet Jernbanemagasinet Arkiv Infrastruktur Elektrisk fornying på Sørlandet

Elektrisk fornying på Sørlandet

Tidleg på hausten blir fornyinga av kontaktleidningsanlegget på heile Sørlandsbanens vestre strekning mellom Kristiansand og Stavanger fullført. Samtidig er det oppstart på fornyinga austover der første etappe er dei 150 kilometrane frå Neslandsvatn til Kristiansand.

Njål Svingheim

Det er på høg tid. Det gamle anlegget er frå 1949! Sørlandsbanen blir den første av dei lange hovudstrekningane våre som kjem til å få eit totalfornya kontaktleidningsanlegg, seier prosjektsjef Arne Bujordet i Bane NOR.  Oppstarten skjedde for vel ti år sidan og første delstrekning var Sandnes–Egersund i 2016. Neste etappe til Moi blei fullført i 2018, og nå blir altså Kristiansand nådd i 2022. 

Når vi seier totalfornya anlegg, så betyr det at den nye kontaktleidninga blir forsynt frå autotrafoar, noko som gir meir straum og betre spenning til toga.

Arne Bujordet

Meir straum og fleire tog – Når vi seier totalfornya anlegg, så betyr det at den nye kontaktleidninga blir forsynt frå autotrafoar, noko som gir meir straum og betre spenning til toga. For kvar tiande kilometer blir det mata straum inn på kontaktleidninga som toga hentar straumen sin frå. Der det tidlegare var problem med lange avstandar til omformarstasjonane, og låg spenning når fleire tog køyrde på strekninga, blir det no god spenning heile tida og straum nok til fleire tog. På vestre del av Sørlandsbanen er dette særleg viktig for godstrafikken der toga ofte har slite med å komme seg opp dei lange stigningane når spenninga på kontaktleidninga har vore låg. Samstundes er nye anlegg enklare å halde ved like og sjølvsagt langt meir robuste og mindre utsette for feil enn gamle anlegg med stolpar frå like etter krigen, seier Arne Bujordet. På den neste strekninga som står for tur, Nelaug–Kristiansand, er det faktisk sånn at ein del av stolpane vart reist allereie på slutten av 1930-talet. – Då snakkar vi om anlegg som for lengst har nådd levetida si, legg han til.

FORBETRING: No startar arbeidet med å fornye kontaktleidningen på Sørlandsbanens austre del. Det gir færre feil og meir straum til toga.

Glede over jobb og fornying På Marnardal stasjon treffer vi prosjektleiar Jostein Grøstad Brottveit i Bane NOR og Tom Andersen frå Nettpartner Bane. Begge gleder seg over at jobben snart er gjort på denne strekninga. Nettpartner Bane er hovudentreprenør for anlegget Moi–Kristiansand: – Dette er eit viktig og spennande prosjekt for oss. Vi skreiv kontrakt hausten 2020 og kom i gang med anlegget i oktober for snart to år sidan. No ligg vi litt føre skjema og reknar med å bli ferdige i september, seier Brottveit – Medan det på dei andre strekningane måtte støypast fundament og monterast nye stålmaster til erstatning for gamle og etter kvart veldig slitne tremaster, så har ikkje det vore nødvendig frå Moi til Kristiansand, fortel Tom Andersen Der var det tremaster som vart sett opp under krigen og dei var så dårlege at det måtte skiftast til nye stålmaster for rundt 20 år sidan. – Desse stålmastene kan òg bere autotrafoleidningane og dermed sparer vi enormt mykje arbeid i forhold til å måtte skifte også mastene. Eg vil tru at vi på denne drygt 100 kilometer lange strekninga har spart minst to års anleggstid på at vi kunne bruke dei mastene som vart sett opp her tidleg på 2000-talet, seier Brottveit.  Maskinane som blir brukte av Nettpartner Bane er sterkt modifiserte lastebilar med hjul også for jernbanespor.  – Det gjer oss meir fleksible, for vi kan køyre vekk frå sporet etter endt arbeidsøkt og dermed treng vi mindre tid før banen er klar for tog igjen, seier Andersen. 

Ny kontaktleidning med autotrafo

  • Bane NOR har vedteke at alle strekningar skal fornyast med autotrafo-anlegg
  • Det gir meir stabil straumforsyning og betre spenning for toga
  • Dei største elektrifiseringsprosjekta i Noreg skjedde på 1950 og -60-talet, desse anlegga treng no fornying
  • Det tyder at anlegga ute langs sporet må byggast opp heilt på nytt
  • Sørlandsbanen blir den første fjernstrekninga som blir totalfornya
  • Bergensbanen er neste fjernstrekning som står for tur
  • Gevinsten for togpassasjerane er færre feil og færre driftsavbrot
  • Gevinsten for godstrafikken er meir straum som sikrar god framkommelegheit, auka kapasitet i straumforsyninga og moglegheit for lengre tog

Austre strekning Anlegget av ny kontaktleidning på Sørlandsbanens austre del Neslandsvatn–Kristiansand er altså under oppstart. Strekninga er 150 kilo-meter og det blir eit omfattande anlegg som vil pågå fram til i 2026 ein gong.  – Der må vi bygge alt opp på nytt med fundamenter i grunnen, stålmaster og det heile, seier prosjektleiar Rune Jensen i Bane NOR.  Dei to kontraktane gjekk begge til Infranord med ein samla kontraktssum på vel ein milliard kroner.  – No skal vi i gang med å bore og gyse meir enn 3000 fundament for like mange nye stålmaster på strekninga, fortel Jensen. Vi ser verkeleg fram til å komma i gang for alvor også austover, for det gamle anlegget treng sårt å skiftast ut så fort som mogleg, sier Jensen.

BÅDE PÅ BANE OG VEG: Maskinene frå Nettpartner Bane kan køyre på både veg og bane og er fleksible i bruk ved arbeida på sørlandsbanen.

Fleire anlegg kjem Med Sørlandsbanen, og Kongsvingerbanen som fekk nytt anlegg i 2021, er Bane NOR godt i gang med å skifte ut kontaktleidningsanlegget frå første generasjon med neste generasjon som altså er AT-anlegg (autotrafoanlegg). Det neste større anlegget som står for tur blir Bergensbanen der det no blir lagt planar for strekninga på austsida av fjellet, altså gjennom Hallingdal. Når dette anlegget blir starta opp, vil det pågå to store kontaktleidningsfornyingar samtidig. Det betyr dessverre buss for tog i nokre timar av døgnet.  – Jobben må gjerast, men trøsta er at det blir meir straum, færre feil og mogleg med fleire tog etterpå, sier Jensen.

STORE PROSJEKT: -Sørlandsbanen blir den første fjernstrekninga som får nytt kontaktleidningsanlegg, fortel Prosjektsjef Arne Bujordet (t.v) og prosjektleiar for den austre delen av Sørlandsbanen, Rune Jensen.

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding!

Vi leser alle henvendelser, men kan dessverre ikke svare deg.