Forsiden Alle artikler Folk Gods Historisk Infrastruktur Ny organisering Persontrafikk Portrettet Teknologi Utdanning Om Jernbanemagasinet Abonner Arkiv Personvern

Hva leter du etter?

Enklare og billegare å reise

Frå i haust blir det både enklare og billegare å reise kollektivt i Trondheim og nabo­kommunane. Toga på Trønderbanen blir fullt integrerte i takstsystemet og samstundes blir det nye og betre rabattordningar.


Mange vil få billettprisane kraftig redusert som følgje av den nye ordninga.

– Dette er eit viktig løft for å få fleire til å velje kollektivt i Trondheimsregionen, seier Anne Skolmli, leiar av regional samhandling i Nord- og Midt-Noreg i Jernbanedirektoratet.
Bakgrunnen for at det nå blir felles billettar og takstsystem, og dessutan betre rabattordningar i kommunane Trondheim, Melhus, Malvik og Stjørdal, er det såkalla bompenge­forliket i Stortinget og ein tilleggsavtale som blei inngått i mars 2020.

– Tilleggsavtalen til byvekstavtalen for Trondheimsregionen inneheld mellom anna 500 millionar kroner til reduserte kollektiv­takstar i ein tiårsperiode, fortel Skolmli.

Det har blitt jobba for å få til ei utviding og inkludere både tog og buss i rute-, takst,- og billettsamarbeidet Anne Skolmli

Halvert pris

Det nye takstsystemet gjer at mange togbruk­arar får meir enn halvert billettprisane sine og mange bussbrukarar langt billegare billettar enn i dag.

– Det har blitt jobba for å få til ei utviding og inkludere både tog og buss i rute-, takst,- og billettsamarbeidet. Samstundes har vi nå oppnådd å utvide den såkalla sone A, det vil seia den indre billettsona, til å omfatte alle desse fire kommunane i byvekstavtale-området. Endringane vart vedtekne i styringsgruppa for Miljøpakke Trondheim 20. august og skal setjast i verk i løpet av hausten, seier Skolmli.

Nokre punkt frå avtalen:

  • Lik pris for tog og buss i Trondheim, Melhus, Malvik og Stjørdal.
  • Aldersgrensa på barnebillett blir utvida heilt til fylte 20 år.
  • Varigheita til enkeltbillettar blir utvida til tre timar utanom rushtidene.
  • Det skal utviklast eit eige billettprodukt mynta på dei som har delvis hjemme­kontor slik at det blir gunstig for dei å velje kollektivt dei dagane dei reiser til og frå arbeidsplassen.