,

Flytoget fornyar seg

Flytoget har teke over fem av dei åtte nye flytoga, og skal overta dei siste i løpet av våren. Det første er allereie sett i drift og blir brukt til opplæring av alle operativt tilsette. Etter påske kjem fleire nye tog i drift.

FLYTOGET OG ØYSTEIN GRUE

–I 25 år har Flytoget teke utgangspunkt i behovet til kunden, fornya, modernisert og forenkla reisene til og frå Oslo lufthamn. Toga og infrastrukturen har vore den same, men produktet har vorte stadig betre, oppsummerer Ida Marie Fottland, kommunikasjonsdirektør i Flytoget. Flygaranti, og tilpassa produkt som billettløse reiser og bagasjelapp-maskin om bord, er døme på produktutvikling, for å gjera det enklare å velja toget. –Vi trur at alle sektorar har godt av at nokon kjem og utfordrar det etablerte. Sjå berre på selskap som Posten, Televerket og SAS. Flytoget er ein kjend, trygg og statleg eigd norsk utfordrar, og noko så sjeldan som eit populært, veldrive og lønnsamt togselskap. Allereie i 2010 lanserte Jens Stoltenberg at han ønskte seg flytogstandard over heile Noreg, påpeikar ho.

NYE TOG: Espen Narum er lokførar og seniorrådgivar i Flytoget og har jobba med å skaffa dei nye flytoga. Type 78 skal supplera den togparken me allereie har i dag.

Fottland meiner bestemt at også togselskapa kan gjera mykje for å sørgja for punktlighet: –Jernbanen i Noreg slit med eit enormt vedlikehaldsetterslep. Likevel er det ikkje så dystert at Flytoget ikkje kan gjera noko for å sørgja for betre punktlighet og meir føreseielegheit. For sjølv om feil på infrastrukturen har skulda for majoriteten av forseinkingane, så er det mykje den enkelte togoperatøren kan gjera. Ho meiner Flytogets punktlighet i stor grad handlar om at dei prioriterer vedlikehald, korleis dei set opp operasjonen, korleis dei bemannar toga og korleis dei sikrar opplæring i feilretting og problemløysing. –Tilliten til tog avheng ikkje berre av at toget aldri er forseinka. Det handlar like mykje om korleis du blir vareteken viss alt ikkje går som planlagt. Kjem det til dømes ein buss som hjelper deg vidare? Får du informasjon i tide, slik at du kan planleggja andre reisemåtar? Får du informasjon som er lett å forstå? Og har dei tilsette på toget dei verktøya dei treng for å vera til hjelp og støtte òg under forseinkingar? Dette, og mykje meir, kan vi som togoperatør påverka. Og vi skal påverka det, avsluttar Ida Marie Fottland.

FAKTA:

  • Flytoget er eitt av to statlege togselskap og er eigde av Næringsdepartementet.
  • Flytoget køyrer på strekninga Drammen – Oslo S – Oslo lufthamn.
  • Norske forbrukarar har tre år på rad kåra Flytoget til den mest berekraftige merkevara i transportbransjen, sist i 2022.
  • I 2015 vart det bestilt åtte nye 4-vogntog frå den spanske produsenten CAF. Det første togsettet av type 78 vart sette i drift i juni 2021, men måtte takast ut etter at det vart oppdaga sprekkar i understellet. No er feila utbetra og godkjend slik at toga kan fasast inn i trafikk igjen
Vi vart i år kåra til den mest berekraftige merkevara i transportbransjen for fjerde år på rad – og nummer fire totalt blant alle bransjar

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding!

Vi leser alle henvendelser, men kan dessverre ikke svare deg.