Foto kongevogn på Norsk Jernbanemuseum på Hamar

Kongelege vogner

Alle monarki i Europa har hatt eigne kongevogner, og i nokre tilfelle heile kongetog. I Noreg fekk vi for første gang ei kongevogn til opninga av Kongsvingerbanen 1862. Dagens kongefamilie køyrer i ei kongevogn som blei tatt i bruk i 1994.

Øystein Grue og Jernbanemuseet

Norsk jernbanemuseum har nyleg fått ansvaret for dagens kongevogn, men meir om det til slutt. Her er ei oversikt over dei historiske kongevognene. – Den eldste kongevogna vart levert av Wright & Sons i Storbritannia og den vogna har vi i hovudutstillinga her på museet. Vi kjenner berre til at ho har vore i bruk to gangar, seier overingeniør Roar Stenersen ved Norsk jernbanemuseum, som tidlegare hadde ansvar  for det rullande materiellet til museet. – Den eine gangen på returen frå opninga av Kongsvingerbanen, då Carl den 15. kom med hest og vogn til Kongsvinger og var med på returen med kongevogna tilbake til Christiania. Den andre gangen ho blei brukt var i 1954, då har vi i alle fall eit bilde av kong Haakon 7. og kronprins Olav i den vogna, seier Roar Stenersen om den sjeldne bruken av vogna som kallast Kongsvingerbanen si kongevogn.  Årsaka til at vogna i praksis ikkje vart brukt var at ho var ei karetvogn og lite kompatibel med togmateriellet som kom seinare. Ho vart vist fram på Jubileumsutstillinga på Frogner i 1914 og Bergensutstillinga i 1928. – Kongsvingerbanevogna er den einaste vogna som er slik ein forventar at ei kongevogn frå 1800-talet skal vera, med mykje hermelin og greier. Ho har til og med eit eige toalett. Det var ikkje vanleg i vogner den gongen, fortset Stenersen.  Denne vogna var den einaste normalspora kongevogna vi hadde i Noreg fram til 1947. På andre normalspora strekningar brukte ein i staden dei finare vognene til NSB, mellom anna. Ao 118 som i dag er eigd av Norsk Jernbanearv (NJA).

Kongsvingerbanevogna er den einaste vogna som er slik ein forventar at ei kongevogn frå 1800-talet skal vera, med mykje hermelin og greier.

Roar Stenersen

Til Rørosbanens smalspor Den neste kongevogna som kom til Noreg var i 1877, og ho kom til Rørosbanen sitt smalspor. Det var ei vogn namngitt «Palace Car» av Jackson & Sharp som fekk bestillinga telegrafisk 20. juli 1877, og er ein kopi av ei brasiliansk kongevogn til keisar Dom Pedro II. Denne vogna stod utstilt på jubileumsutstillinga i Philadelphia i 1876. – Amerikanarane var på denne tida ekspertar på eksport og raske leveringar. Vogna vart bygd på 30 dagar og frakta som dekkslast på ei seglskute i 16 kolli. Som datidas Billy bokhylle omtrent, fortel Stenersen om transportmåten Kollia kom med båt til Hamburg og deretter til Christiania, på Hovedbanen til Eidsvoll og kom til slutt fram til Hamar på lekter eit par veker før opninga av Rørosbanen i 1877. Med instruksjonar frå produsenten i USA vart vogna sett saman av lokale snikkarar til opninga av banen.

TIL RØROSBANEN: Den første boggivogna i landet vart bestilt frå USA til opninga av Rørosbanen i 1877. Dette er første og siste gang statsbanene kjøpte ei vogn i USA. Ho var òg den første med endeplattformer og gjennomgang, og vart derfor forbildet for alt som vart bygget frå 1883 og utover. Foto: Jernbanemuseet

Delt i to Etter unionsoppløysinga fekk vi som kjent ein kongefamilie til landet, så i 1906 vart ei av Rørosbanens sovevogner, Ao 213, omklassifisert til kongevogn og gjekk deretter fast med kongevogna, det næraste vi kjem eit kongetog her til lands. Då Rørosbanen fekk normal sporvidde i 1941 vart sovevogna seld til folk i Rendalen, men velta av sledane på veg over Koppangkjølen og vart delt i to. Den eine halvparten er borte for lengst, men den andre står att som gjestehus til ein einebustad i Otnes. Rørosbanen si kongevogn vart mykje brukt, mellom anna av den thailandske kongen Chulalongkorn under besøket i 1907. I 2018 var ein av etterkommarane hans på tur i Noreg, ei thailandsk prinsesse busett i USA, nettopp for å sjå vogna som vart brukt av oldefaren hennar.

Skrota vogna Kongevogn nummer tre blei levert til Vestfoldbanen i 1881. Vogna vart bygd på Skabo jernbanevognfabrikk på Skøyen i Oslo. Vogna blei etter kvart send til Stavanger distrikt, der det òg var smalspor, og rigga ned til ei tredjeklassevogn. Ho eksisterte fram til cirka 1950 der ho til slutt stod på utsida av lokstallen i Flekkefjord. Det blir sagt at vogna blei gitt til eit sanatorium i området, og seinare skrota der. Møblane frå denne vogna ligg i magasina til Jernbanemuseet. Den fjerde kongevogna som har gått på det norske jernbanenettet vart bygd på Strømmen verkstad i 1910, vogna vart bygd som sovevogn i utanlandstrafikken til Stockholm og København. Vogna vart tatt ut av ordinær trafikk for å bli salongvogn for hovudstyret i NSB, men den vart ikkje ferdig og stod lagra under krigen. – Jernbanemuseet restaurerte denne vogna til 150-årsjubileet i 2004 der dronning Sonja reiste i midtsalongen frå Oslo S til Eidsvoll. Elles har ho vore lite brukt og ho er veldig «sosialdemokratisk» på innsida, seier Roar Stenersen om denne anonyme vogna. – Ho var den offisielle kongevogna fram til 1962, men vi meiner ho har vore lite brukt av dei kongelege, legg Stenersen til.

VESTFOLDBANEN Si KONGEVOGN blei levert til opninga av Vestfoldbanen i 1881. Vogna var ein kopi av Rørosbanens kongevogn og bygd på Skøyen i Oslo. Vogna blei etter kvart nedgradert til tredjeklassevogn og finst ikkje lenger i dag, men møblane frå tida som kongevogn finst i samlingane til Norsk jernbanemuseum. Foto: Jernbanemuseet

Mykje brukt Vogna A1K 24001 vart levert i 1962 og berre seks dagar seinare brukt i opningstoget for Nordlandsbanen. Denne vogna var i bruk i over 30 år og står no parkert ved Norsk samferdselshistorisk senter ved Hønefoss stasjon. – Kong Olav og familien hans brukte denne vogna ganske flittig til reiser i både Noreg, Sverige og Danmark. Det er ei B3-kasse bortsett frå at ho har teak-vindauge. Vogna var i bruk heilt til kongevogn A4 kom i 1994, til opninga av dei olympiske leikane på Lillehammer, fortel Roar Stenersen på jernbanemuseet. Norsk jernbanemuseum har i godt og vel eit år jobba med å overta ansvaret for vogna som blir brukt av kongefamilien i dag. Jernbanereform med tilhøyrande trafikkpakkar, og at materiellet til museet har lov til å køyre på heile det nasjonale jernbanenettet gjorde sitt til at museet vart spurt om å overta ansvaret for kongevogna. Formell dato for overtakinga av kongevogn A4K var 1. desember 2021.

Ole Gunnar Bakken leiar av trafikkutøvareininga i Jernbanemuseet

Ei ære å bli spurt – Vi enda opp med ei løysing der museet eig vogna og leverer vogna ferdig heldt ved like, operativ og køyredyktig til togselskapa som allereie i dag jobbar under trafikkpakka som er tildelte, seier leiar av trafikkutøvareininga i Jernbanemuseet, Ole Gunnar Bakken. Han seier at det er med stoltheit og ære ein tar imot ein slik førespurnad. – Du legg òg merke til det når du snakkar med jernbanefolk. Du kan oppleva at dagens jernbanesystem kan verka avgrensande, men når ein går til enkeltpersonar med god gammaldags jernbanefagleg kompetanse så er det ikkje nei, folk ser på det nesten som ære å bli trekt inn i det. Vi har etter kvart fått eit godt og nært samarbeid med folk i togselskapa og hos folk i verkstadene fortel Ole Gunnar Bakken.

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding!

Vi leser alle henvendelser, men kan dessverre ikke svare deg.