På sporet av historia

Der jernbane med damplokomotiv ein gong gjekk, kan vi sykle på opplevingsferd i Setesdalen. Vi kan møte soga om ein nedlagt jernbane, og oppleve den mangfaldige kulturen i vakre Setesdalen.

Øystein Grue

Då Setesdalsbanen blei opna i 1896, gjekk døra opp til eit spennande og mangfaldig dalføre med vekslande natur og rikt kulturliv. Setesdalen hadde lenge vore spart for sterke påverknader utanfrå. Slik hadde ein rik bygningskultur med gamle bygningar, kunsthandverk og folke­musikk blitt godt teke vare på.

Setesdalsbanen

  • Ein smalspora museumsjernbane, åtte kilometer lang, som går mellom Grovane og Røyknes i Vennesla kommune i Vest-Agder fylke. 25 000 tok banen i 2019.
  • Banen mellom Kristiansand og Byglandsfjorvart opna i 1896 og nedlagd i 1960. I 1962 vart banen gjort om til Noreg si første museumsjernbane. Eit levande museum, med meir enn 100 år gamle damplokomotiv, pietetsfullt restaurerte trevogner, vakre stasjonsbygningar og lukt av kol.
  • Setesdalsbanens Venner legg ned stort arbeid med å ta vare på bane, bygningar, og hjelper med vedlikehaldsarbeid, restaureringar og som personale til togdrifta.
  • Sykkerute nr. 3 er ei merka rute som frå Kristiansand til Haukeli og går store delar der Setesdalsbanen gjekk. Ruta byr på idylliske natur- og kulturopplevingar og fine rasteplassar.
  • Dei store fjellområda mellom Setesdal og Ryfylke er ein del av Setesdal Vesthei–Ryfylkeheiane. Arkeologiske funn viser at dette er eit område der det har budd folk langt attende i tid. Folk bor grisgrendt i hovuddalen. Setesdalsheieane på begge sider av dalen går opp i 1000 meter over havet. Det er eit populært turområde med mange overnattingshytter.
SYKKELVEG NR. 3: Følg traseen etter den smalspora jernbanelinja frå Syrtveit i retning Kristiansand.

Eigenarta sykkelrute

Den frodige Setesdalen kan by på storslagen og variert natur. Sykkelvegen ligg i eit klimamessig mildt og lite verhard del av landet. Difor byr denne ruta på ein lengre sesong enn til dømes Rallarvegen som fyljer Bergensbanen. Den Nasjonal sykkelrute Nr3, går frå naturvakkert innland på Hovden til den blå skjergarden på Sørlandet. Langs denne ruta kan ein velje ulike familievennlege etappar. Sykkelvegen frå Syrtveit i retning Kristiansand følger traseen etter den smalspora jernbanelinja som vart nedlagt i 1962. Vegen går i noko fallande terreng langs elva Otera, gjennom fjellskjæringer. Jernbanetraseen, med haldeplassar og stasjonsbygningar fortel soga om den gongen damptoget tok over for hesten. I dag er det Riksveg 9 som er hovudferdselsåra gjennom dalen. Mellom Byglandsfjord og Røyknes følger sykkelruta i hovudsak den tidlegare jernbanelinja på ein velstelt og familievennleg grusveg.

VASKEEKTE OPPLEVING: Daglig leiar for Setesdalsbanen Øystein Aas har saman med idealistar sørga for at damplokomotiv og vogner gjev ein vaskeekte oppleving av korleis det var å reise med tog i dalføret frå Sørlandskysten til vill og vakker natur i høgfjellet på Hardangervidda.

Kvalitet og tradisjon

Gjennom Otra-dalføret renn Sørlandets lengste elv. Kommunane Valle og Bykle, som ligg øvst i dalen, vart tidlegare rekna som Setesdalen. I dag nyttast Setesdal-namnet som et kvalitetsmerke for heile dalstrøket og femner om Bygland, Evje, Hornnes og Iveland. Setesdal har fem tettstader rekna sørfrå: Evje; Byglandsfjord, Valle, Bykle og Hovden. Evje er senteret i dalen.

Nasjonal sykkelrute

Etter at Setesdalsbanen vart nedlagd i 1962, er store delar av jernbanen blitt Nasjonal sykkelrute nr. 3. Ruta vart opna i 2002 og går mellom Kristiansand og Haukeligrend. På strekninga Byglandsfjord–Røyknes fylgjer sykkelruta store delar av den tidligare jernbanetraseen. Ved opplevelsesparken Troll­Aktiv på Syrtveit, seks kilometer nord for Evje, kan ein leige syklar og overnattingshytter. Mellom Syrtveit og Evje kyrke syklar ein på en avskjerma grusveg som ligg på den gamle jernbanetraseen. Turvegen startar i krysset nord for opplevelsesparken. Her låg tidlegare Syrtveit haldeplass. Turen ned til Evje kyrkje er fem kilometer lang. Vegen følger her tett inntil riksvegen eit stykke etter ein har passert kyrkja. Sykkelvegen held fram nokre kilometer ut av sentrum, men ein tek av mot Evjemoen i stadet for å krysse brua over Otra. Etter den nedlagte Evjemoen militærleir kjem vi til den 142 meter lange Hornnes bru.

FENNEFOSS: Fennefoss var eit senter for haugianar-rørsla på 1800-tallet. Her vart det bygd industriverksemd som fekk mykje å seie for samfunnet. Vestfossen i Evje og Hornnes museum er vel verd å stanse ved.

Mineralparken

Det er vel verdt å gjeste Rock Shop – landets største steinbutikk. Mineralparken er ei opp­leving også for den utan spesiell interesse for stein og mineraler. Etter å ha kryssa den lange steinfyllinga over Breidflå, går sykkelruta på ein idyllisk grusveg på den gamle jernbanetraseen. Vegen går gjennom høye fjellskjæringer i en lang kurve før den retter seg ut, for så å følge Otra vidare sørover. Etter tre kilometer kryssar sykkelruta riksvegen og følger denne tett. Her er det vel verd å stanse for å sjå den vakre steinkvelvbrua ved Hannåsmoen. Frå Moisund må ein følge riksvegen eit stykke, men vegskuldrene er godt utvida på begge sider. Etter 2,5 kilometer kjem ein på ny inn på Nasjonal sykkelrute 3 vegen held fram som en smal sykkelsti på utsida av auto­vernet. Deretter kjem vi til Kilefjorden camping. Turen vidare følger ein svært sjarmerande del langs Kilefjorden – som ein skjerma grusveg med fleire mindre trebruer.

125 ÅR: Det er nostalgisk for oss i dag å lese rutetidene for Setesdalsbanen som er 125 år. Rutetabellen på Kiledalen haldeplass viser korleis Sørlandsbanen verka, med reisetid heilt til Oslo. Banen var planlagt bygd via Haukeli med samband til Bergensbanen. Dette vart ikkje realisert.

Kiledal haldeplass

Etter å ha sykla halvannan kilometer, kryssar så jernbanetraseen riksvegen og held fram langs Kiledalstjønn. Her bør ein ta ein god stopp ved det gule skuret på høyre hand. Inne i ventebua med skiltet «Toget har gått» kan du lese soga om Setesdalsbanen, sjå rutetabellen og ei rekke eldre, historiske fotografiar av Setesdalsbanen. Traseen går vidare som grusveg på sida av bilvegen. Vi fylgjer no elva Uråna og passerer Bornes camping på venstre hand. Vidare går turen riksvegen fram til Hægeland stasjon. Om ein vil gjere turen lengre, kan ein følge jernbanetraseen vidare ned til Røyknes. Denne turen er to mil lang. Her ser ein fleire av tunellane på Setesdalsbanen.

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding!

Vi leser alle henvendelser, men kan dessverre ikke svare deg.