Foto tog på stajson

Same pris på buss og tog

Frå 1. mars har det blitt same billettpris på alle billettypar for buss og tog i trondheimsområdet.

Njål Svingheim

– Dette gjer det enklare å velje -kollektivt og mange får billett-prisane kraftig reduserte, og er veldig godt nytt for kollektivreis-ande i Trondheimsområdet, seier Anne Skolmli, Jernbanedirektoratet sin leiar av regional samhandling Nord- og Midt-Noreg. Det var i fjor haust at avtalen om felles takstsystem blei inngått, men førebels har dette berre vore på plass for periodebillettane.  No er det same pris for alle billettyper uansett reisemåte i kollektivtrafikken i kommunane Trondheim, Melhus, Malvik og Stjørdal. Det betyr at til dømes ein togbillett frå Værnes til Trondheim kjem til koste det samme som for buss, 42 kroner i staden for 106 kroner.  Prioritert oppgåve – For å sikre at alle får riktig pris, har SJ Norge samordna sine billettkanalar med kollektivselskapet AtB sine, slik at ein får same og riktig pris uansett kvar billetten blir kjøpt, fortel Anne Skolmli. Å gjere det teknisk mogleg med pris- og takstsamarbeid for SJ og AtB har vore ei prioritert oppgåve for Entur: – Vi er glade for at reisanda no får lik pris i sone A i Trøndelag om dei reiser med buss eller tog. Entur arbeider for meir samarbeid på tvers av kollektivselskap og regionar, og ulike system og billettypar byr på ein del tilpassingar som må gjerast i alle leire. Det er meir krevjande enn ein skulle tru, difor er det godt at ei løysing med dei viktigaste funksjonane for dei reisande er på plass no, seier Kristian Gravdal, direktør for Digital, i Entur. Bompengeforliket Bakgrunnen for at det nå er felles billettar og takstsystem, og dessutan betre rabattordningar i Trondheim og nabokommunane, er det såkalla bompengeforliket i Stortinget, og ein tilleggsavtale som blei inngått i mars 2020. Tilleggsavtalen til byvekstavtalen for Trondheimsområdet inneheldt mellom anna 500 millionar kroner til reduserte kollektivtakstar i ein tiårsperiode. Eit tiltak i denne avtalen var utvidelse av sonen den gjeld innanfor til også å dekke Stjørdal og heile Melhus, og utvida aldersgrense for barn.  – AtB og SJ har eit tett og godt samarbeid, og med same pris for buss og tog får kundene eit saumlaust, godt og bærekraftig kollektivtilbud i området, og kan velje det alternativet som passer best for si reise, seier Grethe Opsal, direktør for marked og kommunikasjon i AtB og Hilde Lyng, markeds- og kommunikasjonssjef i SJ Norge. Nokre punkt frå avtalen: Lik pris for tog og buss i Trondheim, Melhus, Malvik og Stjørdal. (Det inkluderer f.eks òg tog til og frå flyplassen) Aldersgrensa på barnebillett blir utvida til å gjelde frå seks år heilt til fylte tjue år Det skal utviklast eit eige billettprodukt mynta på dei som har delvis heimekontor slik at det blir gunstig for dei å velje kollektivt dei dagane dei reiser til og frå arbeidsplassen.

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding!

Vi leser alle henvendelser, men kan dessverre ikke svare deg.