Straumar til Bergensbanen

Endeleg kan VY tog vest på Bergensbanen sjå fram mot eit normalår for drifta på den fremste turistbanen vår. -Trafikken aukar fint og toga fyller seg opp, smiler ein strålande fornøgd direktør Yvonne Torgersen Hetlevik i Vy Tog Vest. Både nordmenn, og ikkje minst utanlandske turistar strøymer no til toga på både Bergensbanen og Flåmsbana slik dei gjorde før pandemien.

Njål Svingheim

Jernbanemagasinet treffer ein smilande gjeng frå Vy Tog Vest på plattforma like før Bergenstoget har avgang. Me er ikkje åleine. Folk strøymer på med trillekofferter, bagasjetraller, pakkrammesekker, hundar og kattar, og framleis er det ein og annan med både ski og pulk òg sjølv om det denne maidagen omsider er vår i lufta. Typisk Bergensbanen med andre ord. – Her ser du på mange måtar det som er kundegrunnlaget vårt på Bergensbanen, seier Yvonne Torgersen Hetlevik. Turistar og fritidsreisande er dominerande. I dette toget har vi til dømes ei heil gruppe med amerikanske turistar og heile 150 av passasjerane skal vidare med Flåmsbana frå Myrdal. No i år er det så langt amerikanarane som aukar mest. Men vi ser òg at europeiske turistar tek seg godt opp, medan turistane frå Asia ikkje er fullt tilbake enno.

Moro og motiverande: Lokførar Øyvind Mjelde på Bergensbanen og direktør Yvonne Torgersen Hetlevik i Vy Tog Vest smiler om kapp. Trafikken aukar og Bergensbanen står høgt på lista over opplevingar hos både utlendingar og nordmenn.

Vy Tog Vest vann som kjent den tredje anbodspakken og dermed kampen om å få køyra fjerntoga på Bergensbanen, regiontoga på Vossebanen og lokaltrafikken Bergen – Arna. Oppstarten var i desember 2020. Då skulle me helst ikkje reisa nokon stad, og i alle fall ikkje kollektivt. Det måtte dermed bli ein tøff start med få passasjerar. Men no er det annleis, og toga på Bergensbanen har funne tilbake til posisjonen sin som turist- og reiselivsmagnet. – No køyrer vi fire tog i kvar retning i tillegg til nattoga kvar dag, og særleg på dei to morgonavgangane ut frå Oslo har me stor etterspurnad. Eg tilrår alle som tenkjer å ta desse toga i sommar å vera tidleg ute med bestilling for å sikra seg plass, smiler Hetlevik.

Nærvær

– Det er klart at det er veldig morosamt og motiverande for oss som jobbar på toget no som kundane strøymer til oss igjen, seier lokførar Øyvind Mjelde. Han skal køyre første etappe til Ål i Hallingdal. Som vanleg er han ute på plattforma ved loket før avgang. Det er innført som rutine på Bergensbanen at også lokføraren er til stades ute før avgangstida nærmar seg. – Vi kjem jo mykje nærare kundane me òg på denne måten, seier den blide lokføraren. Vy Tog Vest har òg fleire konduktørar enn dei som skal jobba i toget til stades før avgang. Også dei som jobbar meir administrativt er ute på plattform før togavgang. – Slik blir det enklare å få svart på alle spørsmål som kundane måtte ha, seier driftsleiar Anita Brendhagen. Dette er noko me har fått gode tilbakemeldingar på og som vi vil halde fram med, seier ho. Det byggjer òg fellesskapskjensle og eigarskap til produktet for oss som jobbar her, legg ho til.

Driftsleiar: Før toga går frå Oslo er vi så mange som mogleg til stades ute på plattforma for å svare på spørsmål og hjelpa kundane til rette. -Det er veldig triveleg, smiler driftsleiar Anita Brendhagen i Vy Tog Vest.

Oppleving

Togmateriellet på Bergensbanen består av vogner av type 7 og El 18 lokomotiv. – Vi er veldig klar over at mange av passasjerane våre reiser med Bergensbanen fordi det skal vere ei oppleving, seier Yvonne Torgersen Hetlevik. Derfor har vi sett inn eigne vogner med oppgraderte sete som vi kallar Pluss, me har kjøpt inn ein serie brukte kupévogner frå Tyskland som er bygget om og spesialtilpassa trafikken på Bergensbanen, og vi har siste skot på stammen – nemleg dei nyleg ombygde liggestolvognene for nattoget. Der har vi liggestolar som no er så etterspurde at dei faktisk har høgare belegg enn soveplassane våre på enkelte avgangar, fortel ho. 85-95% av liggestolane er belagde i nattoga. Dei tyske vognene vart innkjøpte frå Deutsche Bahn i 2020. Vognene inneheld tradisjonelle kupear for seks personar, konduktørrom, lasterom for syklar, ski og pulk. Vognene har òg to eigne vaskerom. – Vi sel heile kupear i vognene og me ser ei aukande interesse der fleire som reiser saman ønskjer ein slik kupé for seg sjølv, seier Hetlevik.

– Vi konduktørar er veldig begeistra for desse kombivognene, fortel konduktør Terje Trøan. Ikkje minst på grunn av det store godsrommet som gir plass til alt av kva folk finn på å dra med seg på til dømes ein lengre fjelltur frå Finse. Men også for grupper som skal på kurs og konferansar har kupévognene no vorte meir etterspurde. – Då kan møte og førebuingar gjerast på toget, utan å forstyrra medpassasjerane.

Utvikling

Sjølv om både Bergensbanen og Flåmsbana er godt innarbeidd og har gode merkenamn i reiselivssamanheng så må opplevingsproduktet stadig blir utvikla. Den legendariske rundreisa med Bergensbanen, Flåmsbana og Sognefjorden kalla «Norway in a nutshell» blir i år supplert med eit liknande tilbod gjennom Hardanger med utgangspunkt i Voss og endepunkt på Geilo. Mellom jernbanestasjonane byr opplevinga på båttur i Hardanger, Baroniet i Rosendal, Vøringsfossen, og busstur over Hardangervidda til toget igjen tek over på Geilo. Begge desse rundreisene kan gjerast som dagsturar frå Bergen.

– Så har vi òg ei aukande satsing på ulike festivalar langs banen, fortel Hetlevik. Dette gjeld både Geilo, Voss og Bergen. – Men vi kjem ikkje utanom sykkelsesongen på høgfjellet. Den gamle anleggsvegen langs Bergensbanen over fjellet er ein av landets mest populære sykkelturar, og Vy køyrer med eigne sykkelvogner gjennom heile sommarsesongen. Den første tida pleier det å vere mogleg å sykla frå Haugastøl til Finse og frå Hallingskeid og ned til Flåm, medan den siste og høgaste delen av strekninga, frå Finse til Hallingskeid ofte ikkje er farbar før langt ut i juli. – Rallarvegen på sykkel er ei unik oppleving som vi merker òg tiltrekkjer seg stadig fleire frå utlandet.

Vossebanen på fjellet

I tillegg til fjerntoga så køyrer Vy Tog Vest òg regiontoga på Vossebanen og lokaltoga Bergen – Arna. Vossebanen er ei typisk pendlarstrekning, men ho skil seg likevel ut med at toga Bergen – Voss òg trafikkerer strekninga vidare opp til Myrdal og sambandet til Flåmsbana der. Det betyr eit stort innslag av turistar òg i regiontoga. I tillegg har Vy forlenga  to togpar heilt opp til høvesvis Finse og Geilo i sommarsesongen, noko som aukar kapasiteten på fjellstrekninga vesentleg og avlastar fjerntoga mykje.

Oppleving: Sjølve reisa er ein del av opplevinga på Bergensbanen. Finse kan framleis midt i mai by på vinterlege inntrykk

– Er alt dermed berre velstand? – Nei, det er klart at vi òg har utfordringar, seier direktøren i Vy Tog Vest. Bergensbanen er ei strekning med store variasjonar i vêr og klima. Det betyr rasfare, det betyr uvêr og det betyr at vi må ha god beredskap for avvikshandtering. – Vi har eit godt og tett samarbeid med Bane NOR for å sikre ein slik god beredskap, og vi har ein tett dialog om planlagde arbeid og periodane banen må stengja for større vedlikehaldsarbeider. I sommar skal vi til dømes igjen køyre over Roa i staden for Drammen i fleire veker. Dette har vi no god trening i, og for delen vår så fungerer dette opplegget no ganske greitt, sjølv om ein del av kundane våre må køyrast i bussar til og frå Hønefoss i ein periode. I Bergen blir det jobba i sommar intensivt med det som skal bli dobbeltspor gjennom Ulrikstunnelen frå neste år, og det er sjølvsagt noko vi ser fram til. Då blir det avgangar kvart kvarter Bergen – Arna. Ei anna utfordring er togmateriellet i fjerntoga. B7-vognene byrjar å bli slitne og vi opplever ein del utfall, det vil seie vogner som må på verkstad. – Eg vil likevel rosa verkstadsfolka i både Bergen og Oslo for å gjere ein veldig god jobb med desse vognene. Dei kjenner vogntypen godt og er flinke til å finne gode løysingar slik at dei kjem raskast mogleg ut i trafikk igjen, seier Hetlevik. – Men vi er veldig glade for at Norske tog no har bestilt nye fjerntog, legg ho til. No ser Hetlevik fram til ein sommar med fulle tog Bergensbanen. – Vi gler oss til å gi gjestene våre ein sommar med massevis av flotte opplevingar både på toget og med toget som utgangspunkt, smiler ho.

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding!

Vi leser alle henvendelser, men kan dessverre ikke svare deg.